Skeise-VM 1965 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1965 for menn vart avvikla avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 13. og 14. februar 1965. 43 utøvarar frå 17 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Per Ivar Moe vart verdsmeister som den fyrste norske utøvaren på Bislett skeise-stadion. Han fekk elles bestetid på 1500-meteren. Om laurdagen vann Keiichi Suzuki frå Japan 500 meter, før svenske Jonny Nilsson forbetra sin eigen verdsrekord på 5000 m med 1,1 sekund til 7.33,2. Dagen etter var Nilsson også bestemann på mila.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy